Foto: Tuva Åserud

Song klassikarar for full sal

Mange møtte opp for å sjå damekoret Corona i Arena fredag kveld.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

Damekoret, som kom på førsteplass i sin klasse under kor-NM i 2023, hadde invitert til ein konsert med kjente og kjære publikums­favorittar på Arena.

– Det var ikkje mogeleg å finna ein raud tråd i denne konserten, sa konferansier og korsongar Nina Meldahl Olsen frå scena.

Foto: Tuva Åserud

Tidleg i konserten song dei «Bruremarsj» av Jan Magne Førde. Dei drog òg i gong kjente songar som «Vise for gærne jinter» av Alf Prøysen og «Nei, nei gutt» av Margrethe Munthe.

Foto: Tuva Åserud

Dirigent Irene Simonsen dansa og dirigerte om kvarandre gjennom heile konserten.

Foto: Tuva Åserud

På eitt tidspunkt gjekk Simonsen ut og henta ein mann opp frå publikum.

– Det var jo veldig hyggjeleg, sa Geir Alvsvåg etter å ha dansa med dirigenten framfor resten av publikum.